Arego
kw:!support_us

Resultat Stord Rett Opp 3.5.2015 - 3 løp i TdS

03.05.2015 |Nils Hetleflåt

Under dagens 3.løp i Tour de Stord, Stord Rett Opp, som starta ved Lundekollen og hadde målgang 4150 m seinare var det 49 startande løparar, noko som er deltakarrekord. Grunna mykje snø i fjellet vart løypa i år vel 800m kortare enn kva den har vore ved tidlegare arrangement.

Vinnaren av løpet var Torstein Tengsareid fra Egersund IK, som i går sprang Fløyen Opp, og han var heilt suveren i dette løpet. Sidan løpet var ein forkorta utgåve vart det ikkje satt løyperekord i år, men ved passering på bommen var han over 1,30 min foran passeringen for løyperekord som vart sett i fjor.

Vinnaren av TdS vart Tom Erling Kårbø, Stord IL, foran Thomas Finshus, Stegaberg IL som passerte Jacob Hystad, Stord IL. I juniorklassa vann Lars Lunde, Stord IL medan Mari Aarskog Nesse, Stord IL, vann kvinner senior.

Her er resultatlista for Stord Rett Opp med passeringstider ved bommen og her er resultatlista samanlagt for Tour de Stord.

 Her er link til artikkel på Kondis: http://www.kondis.no/tengsareid-og-nesse-suverene-i-straalende-stord-rett-opp.5754130-127676.html

 

Kontakt