Arego
kw:!support_us

Resultat Stordløpet 2018

04.09.2018 |Nils Hetleflåt

Årets Stordløp vart arrangert søndag 2.september under fine forhold og med ein god temperatur. I barneklassen deltok nær 100 ungar, medan et var rundt 75 deltakarar i turklassen og totalt 57 løparar i mosjonsklassen på 6 og 12 km.

I 6 km løypa var raskaste løpar i herreklassen Martin Schei med tida 22,32 min foran Jonny Raunholm med 23,13 min og Erik Nilsen Onarheim med 24,14 min. I dameklassen på 6 km var Katrine Hillestad raskast med tid 24,50 min foran Therese Emanuelsson med 28,08 min.

I 12 km løypa var det Vegard Havn frå Stord IL som sprang raskast med tida 45,45 min og nærmast fulgte Kim Berland Laitinen på tida 48,02 min og Bjørn Inge Tranøy med tida 49,20 min. Vinnar av dameklassen var MAlene Øen med tida 66,44 min.

Resultata frå løpet finn du her.

Kontakt