Arego
kw:!support_us

Seier til Julian S. Aasheim på første dag av Värdsungdomsspelen 29/6

29.06.2018 |Nils Hetleflåt

3 utøvarar frå Stord IL-friidrett i aksjon på første dag av Värdsungdomsspelen i Gøteborg, og det gav 1 seier og 2 nye personlege rekordar. 

Først i elden var Sofie Skard (14) på 80m hekk og ho sprang i heat 3 der ho kom inn på tida 13,69 og 6.plass i heatet.

Neste mann i aksjon var Julian Skimmeland Aasheim (15) på 300m hekk og han sprang i det beste heatet og bane 5. Han fekk ein god start på løpet og var raskt i tet og den holdt han heile vegen til mål. Klokka viste 39,41 og det var ny personleg rekord med 22 hundredelar og seiersmarginen var på 37 hundredelar.

Erlend Kringeland (15) sprang i det beste heatet på 1500m hinder og her var det 16 løparar på startstreken. Han la seg omtrent midt i feltet og farten var kring 4,45 i starten, men ein merka at det var hardt å springa over hindera og farten sank utover i løpet. Erlend kom i mål på 4,52,36 og vart nr 9 i heatet og totalt 10 etter at begge heata var ferdig. Dette var ny pers for han.

Kontakt