Arego
kw:!support_us

Seriestemne på Arna stadion 1.juli

03.07.2015 |Nils Hetleflåt

Onsdag 1.juli var Sondre Egeli Øvrebø og Jacob Hystad på plass på Arna stadion for å testa formen, Jacob nett heime frå høgdetrening i Font-Romeu i Frankrike.

Sondre kasta diskosen 39,42 m og det var ny årsbeste, men han følte seg litt rusten i kroppen i sin første konkurranse for året..

Jacob sitt klare mål på 5000m var å underskriva Atle Irgens sin pers på 15,58,2. I lag med Espen Roll Karlsen var tempoet på løpet så pass høgt frå start at alt låg til rette for å klara målsettjinga. 3000m vart passert på 9,31 og med litt ekstra krefter på slutten vart sluttida til Jacob 15,48,47.

Kontakt