Arego
kw:!support_us

Sigrar til Stord utøvarar på Aibel sprinten i Haugesund og Mølleløpet på Fitjar

08.09.2018 |Nils Hetleflåt

På Fitjar vart løpet først til mølla arrangert , med start frå idrettsplasssen i Fitjar og målgang ved B12 mølla opp i vindkraftparken. Total lengde er på 4,65 km og høgdeskilnaden mellom lågaste punkt på 79moh og høgaste på 478moh er på nær 400m. Det var 46 løparar som fullførte løpet på tid.

Tom Erling Kårbø vann i år løpet på tida 19,04 min og satte samtidig ny løyperkord, samt at han slo den VM klare løparen Torstein Tengsareid, Egersund FIK som skal til VM i Andorra neste helg med 8 sekund.

Fullstendig resultatliste finn du her: https://live.eqtiming.com/43812#

 

I Haugesund var det Aibelsprinten på 5 km som vart arrangert inne på området til bedrifta Aibel. Her var det totalt 400 løparar som fullførte og raskast av alle var Lars Lunde som vann med tida 15,07 min og han var 27 sekund føre nummer to. Vidare vart Johannes Thomsen nr 7 med tida 16,52 min.

 Fullstendig resultatliste finn ein her: https://live.eqtiming.com/43614#

 

Kontakt