Arego
kw:!support_us

Sterke tider av Stord utøvarar på 10 km på Karmøy maraton

20.11.2017 |Nils Hetleflåt

Laurdag 18.november tok mange av Stord sine langdistanseløparar turen til Kopervik og 10km under Karmøy maraton. Vêret som møtte løparane på kopervik var kraftig vind, regn- og hagl byger og ein temperatur på 5 grader, ikkje akkurat perfekte forhold, men dette er normalt på sein hausten. 

Totalt var det 92 løparar som stod på startstreken når skotet vart fyrt av for 10 km løpet. Det utkrystaliserte seg raskt ei tetgruppa på 7 løparar, kor Lars Lunde av Stord løparane var, og ein trio kor Jacob Hystad la seg og ei ny gruppa på 7 løparar som bestod av fem Stord løparar. Med ein kraftig motvind dei første 5 kilometrane var ikkje passeringa halvvegs så mykje å ropa hurra for, men det skulle visa seg at medvinden på tilbaketuren gjorde godt. 

Lars Lunde rykka etter ca 7 km og fekk seg ei luka på dei nærmaste utfordrarane som han bare auka inn til mål. Med slutt tida 31,34 min vann han med 17 sekund , satte ny pers på gateløp og var bare 3 sek bak løyperekorden. Jacob Hystad sprang inn til 8.plass med tida 34,01 min etter å ha passert halvvegs på 17,45 min. Like etter kom Arnfinn Aadland inn på 11.plass med tida 34,47 min og så fulgte Stord løparane som perler på ei snor. Pernilla Epland sprang inn til klar siger med tida 34,49 min som er ny beste notering for henne og løyperekord med over 4 min. Ole Christer Kvellestad på 13.plass sprang inn til tida 35,06 min og pers med over 2 min og like bak kom Vegard Havn inn til tida 35,13 min og pers med 25 sek. Arne Jordåen sprang inn til tida 36,00 min og 17.plass. Debutant Ola Odland fekk tida 39,02 min og 20.plass. Katrine Hillestad sprang inn til 3.plass i dame klassen og tida hennes vart 42,31 min.

Ei helg med sterke prestasjonar av Stord løparane og no er det vintertrening som står for tur framover då dette var sesongavslutninga.

Alel resultat finn ein her: http://live.eqtiming.no/34391?focusuid=38737#result:115678-0-0-1-1-

 

Kontakt
Kalendar