Arego
kw:!support_us

Sterkt løp av Pernilla Epland på Bislett Games

16.06.2017 |Nils Hetleflåt

Pernilla E. Epland  og Thomas M. Heggøy pretsterte sterke løp på Bislett Games torsdag 15.juni 2017 og begge satte kraftige personlege rekordar. 

Først i elden var stordabuen Thomas, som no representerer Gular, på 800m. Han la seg på halen i feltet og han fekk ein fin flyt på første 400m som han passerte på 55,1s. Så starta han å avansera i feltet, samtidig som han holdt farten og ved målpassering så var han på ein sterk 5.plass på tida 1,50,26. Dette var ny pers med over 3 sek.

På 1500m var det Pernilla som stilte på startstreken og saman med 14 andre løparar vart det ein del knuffing på den første 100m av løpet. Ho la seg i slutten av felltet, men farten var god og ho passerte første 400m på 72,8. På neste runde avanserte Pernilla nokre få plasser og rundetida droppa ned til 71,9, og det viste seg etter 900m at ho begynte å kjenna kjøret. Med ein tredje runde på 75,7, klarte ho å mobilisera på siste 300m og sprang i mål som nr. 11 med tida 4,33,64. Ny pers med over 4 sekund. 

Etter løpet var ho sånn passeleg fornøgd med gjennomføringa av løpet.  Ho meiner at det er meir å gå på.

Kontakt