Arego
kw:!support_us

Stor aktivitet den kommande helga for Stord utøvarar

12.06.2019 |Nils Hetleflåt

Stord utøvarar skal i aksjon på mange stemner dei kommande dagar. Det startar på Bislett Games torsdag 13.juni, kor Jacob Vaula skal springa 100m og Pernilla Eugenie Epland skal springa 1500m i dei nasjonale øvelsane. Det vert vist på NRK tv frå kl 17:50-18:50, Pernilla spring kl 18:21 og Jacob kl 18:30.

PÅ fredag startar det største stemnet i Noreg, Tyrvinglekene på Nadderud og der skal følgjande utøvarar frå Stord delta: Sofie Skard, Jacob Vaula og Julian Skimmeland Aasheim. Ein finn alt om dette stemnet på www.tyrvinglekene.no

På larudag skal Pernilla springa 5000m på Britishmilers stemnet i Loughborough i England. Det er påmeldt 32 kvinner på distansen og det er eit høgt nivå på deltakarane med 4 løparar kring 15,30 min som pers. Alt om stemnet finn ein på www.britishmilersclub.com. Stemnet vert streama.

På laurdag vert Birkebeinarløpet arrangert på Lillehammer og frå Stord stiller Jacob Hystad, som forrige helg sprang 3000m på tida 9,03,24 på Nittedal og viste god form.

PÅ søndag vert Hardanger Friidrettsfestival arrangert i Strandebarm og frå Stord stiller følgjande utøvarar: Johanne Thomsen, Vegard Havn, Martin Schei og Erlend Hatlem Kringeland

Kontakt
Kalendar