Arego
kw:!support_us

Stor aktivitet for Stord friidrett denne helga

19.05.2015 |Nils Hetleflåt

Det starter allerede på torsdag med Harald Kårbø i NCAA championship division 2 i Allendale, Michigan, forsøk på 3000m hinder. Viss han kommer til finale så går den av stabelen fredag kveld. Dette arrangementet vert streama på www.ncaa.com kor ein må velga track and field division 2.

Pinseafta skal Lars Lunde i aksjon på 3000m i det første elitestemnet som vert arrangert på Hamar. DEtte arrangementet skal gå direkte på sportskanalen til TV2 samt at det vet streama via www.friidrett.no.

Oddvar Hårde skal delta i NM 10-kamp for veteraner som vert arrangert av Nittedal IL.

Den største troppen av friidrettsungdom skal i aksjon under årets Maileker i Haugesund på laurdag og søndag. Her stiller klubben ein stor tropp og ein får håpa på gode forhold slik at mulighetane for gode resultater er tilstades. Resultata vert oppdatert fortløpande på heimesida til arrangøren og den finn ein på www.haugesundil.no.

 

 

Kontakt