Arego
kw:!support_us

Stor aktivitet på friidrettsfronten til helga 27.-28.mai

25.05.2017 |Nils Hetleflåt

Det skjer mykje kommande helg på friidretten for Stord IL-friidrett sine utøvarar. På laurdag skal Tom Erling Kårbø springa 3000m hinder i Oordegem i Belgia og prøva å kvalifisera seg for VM. Han må då komma i mål på ei tid under 8,32,00.Informasjon angåande stemnet finn ein på www.ifam.be.

I Byrkjelo skal Julian Skimmeland Aasheim representera kretslaget til Hordaland  for 13-14 åringar som skal ut i kretskamp mot Sogn og Fjordane. Han er tatt ut til 60m, 80m hekk, lengde og høgde. Meir informasjon om stemnet finn ein på www.gloppenfil.no.

I Haugesund vert dei tradisjonelle Mailekene arrangert og det er ein stor tropp frå Stord IL som reiser. Her vert Ronny Kringeland ansvarleg leiar for Stord sine utøvarar.

Resultat vert fortløpande oppdatert på heimesida til Haugesund: www.haugesundil.no

 

Kontakt