Arego
kw:!support_us

Stord løparar skal i aksjon fleire plasser i Noreg til helga

27.04.2017 |Nils Hetleflåt

Til helga vert fleire store løp avvikla i Noregs land og Stord IL-friidrett er representert ved Bergen City Marathon og Sentrumsløpet i Oslo.

I Bergen vert Bergen City Marathon arrangert på laurdag 29.april og frå klubben stiller følgande på halvmaraton: Jacob Hystad, Arnfinn Aadland og Katrine Hillestad i tillegg er det mange stordabuar som tar turen opp til Bergen for å måla krefter. Resultater kan ein finna på følgande link: www.eqtiming.no

I Oslo skal det tradisjonelle Sentrumsløpet, som er 10 km, arrangerast og frå Stord IL-friidrett stiller Pernilla Eugenie Epland til start. Det skal verte spennande å sjå kva bronse vinnaren frå NM i terrengløp klarer å oppnå på denne distansen.

Resultat frå løpet kan du finne på følgande link:

http://live.ultimate.dk/desktop/front/index.php?eventid=3284&language=no

Kontakt