Arego
kw:!support_us

Stord utøvarar til NM innandørs i Bærum Idrettspark 3.-4.februar

01.02.2018 |Nils Hetleflåt

Til helga vert NM innandørs arrangert i Bærum Idrettspark av Akershus friidrettskrets. Frå Stord stiller: Tom Erling Kårbø, Lars Lunde, Pernilla Eugenie Epland og Tone Sandtorv Brakedal. Alle utøvarane skal i aksjon på laurdag, Tom Erling og Lars på 1500m, Pernilla på 3000m og Tone på 60m. På søndag er Tom Erling påmeldt på 800m, Lars på både 800m og 3000m, medan Tone er meldt på i 60m hekk og lengde utan tilløp.

Stemnet vert streama og du finn linken her: https://www.friidrett.no/nyheter/folg-livestream-fra-innendors-nm-i-barum/

Alt om arrangementet finn du her: www.nmsandvika2018.no

 

Kontakt