Arego
kw:!support_us

Stordleikane 2017 oppsummering

13.08.2017

Etter ei av dei mest spennande helgene på Stord nokon gong, må me seie oss nøgde med årets Stordleikar. Helga har vore prega av skiftande ver, men heldigvis har det for det meste vore opplett. Mange personlege rekordar har blitt sette, samt fleire stemnerekordar. 1000 poengarar på tyrvingtabellen har det og blitt nokre av, noko me er stolte av å vere vitne til. Under kan du lese om nokre høgdepunkt:

Under opninga var ordførar av Stord kommune, Gaute Epland, på plass. Han støta kula, og viste fram si sportslege side. Du kan sjå Gaute i aksjon på nokre av bileta.

Lørdags kveld vart idrettstova rigga for quiz og stafett. 40 deltakar møtte opp der, medan Vegard Havn og Arne Jordåen leia opplegget. Biletequizen vart vellykka, men kunne ikkje måle seg med den hektiske stafetten. Her var det god stemning og hard konkurranse. 

Sjølv om Tom Erling Kårbø ikkje fekk stille i årets VM i friidrett, stilte bømlingen på startstreken på 1500m, som var den siste øvinga i årets Stordleikar. Ikkje berre vant han, men han satt også ny stemnerekord på distansen med tida 3.51.08. Svært godt levert av Tom Erling som i hovudsak er spesialist på 3000m hinder. 

Resultata er lagt ut: 

http://www.stordfriidrett.no/nyhende/stordleikane-2017-alle-resultat

 

Stord IL-friidrett takkar alle deltakarar, foreldre, funksjonerar, frivillige og publikum for ei fantastisk helg på Stord. 

Me snakkast til nesteår! 

 

 

Kontakt
Kalendar