Arego
kw:!support_us

Tinestafetten 2015

12.05.2015 |Nils Hetleflåt

Årets Tinestafett for 6.-9.klasser vart avvikla på Stord stadion tysdag 12.mai med Stord IL-friidrett som teknisk arrangør. I alt var det påmeldt 64 lag, men nokre forfall gjorde at totalen vart noko mindre.

For 6.klasse var det 3 heat og det vart veldig jamnt mellom dei 3 beste klassane i samandraget, bare 8 tideler skilte dei. Vinnarlaget, Leirvik skule 6b, sprang i det første heatet og det same gjorde lag nr 2 som v ar Uskedalen oppvekstsenter medan laget på 3.plass Tjødnalio skule lag1 vann det 2 heatet.

I 7.klasse kom alle dei 3 beste klasselaga frå det same heatet og det var Leirvik skule 7b som stakk av med seieren føre Enge skule lag 1 frå Etne kommune og Uskedalen oppvekstsenter 7a.

For 8.klasse var det Nordbygdo ungdomsskule 8c som vann føre Stord Ungdomsskule 8a og Stord ungdomsskule 8d.

Den første sigeren som gjekk til eit lag utanfor Stord kommune kom i 9.klasse kor vinnaren kom frå Rimbareid ungsomsskule 9 a i Fitjar. Dei vann føre Rimbareid ungdomsskule 9b og Nysæter ungdomsskule 9b.

Her er den fullstendige resultatlista 

Her er det ein video frå stafetten lagt av Vegard Havn: https://www.youtube.com/watch?v=EAZcqAHNKx4

 

 

Kontakt