Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø klar for EM i friidrett

02.06.2018 |Nils Hetleflåt

Under fredagens stemne meeting-demifond i franske Montbelliard sprang Tom Erling Kårbø under 8,30 min grensa på 3000m hinder for første gong i sitt liv då han kom inn på tida 8,29,49. Det holdt til 8.plass i det sterke feltet og det var ny pers med nesten 5 sekund då den gamle var på 8,34,19 og langt under det norske EM-kravet på 8,37,00.

Etter løpet kunne han fortelle at farten på dei første rundane var høg og at han la seg på halen i feltet som nr 15. Sidan farten var høg så låg dei meir eller mindre som ein lang streng og det var først når det var 3 rundar igjen at Tom Erling starta å avansera i feltet. Ved passerig 2 rundar igjen passerte han på ca 6,18 min og når det det ringte ein runde før mål så såg han på klokka at han måtte springa under 65 runde for å klare å komme under 8,30. Ein sterk avslutning brakte han under ei barriere på 8,30 og han er no på 9.plass gjennom alle tider i Noreg.

No har han tid til å bygge ein ny formtopp mot EM i Berlin som starter 6.august.

Kontakt