Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø klar for EM i terrengløp i Chia, Italia søndag 11.desember

07.12.2016

Det er litt over 1 veke sidan Tom Erling Kårbø fekk klar signal for det norske laget til EM i terrengløp i Chia på øya Sardinia i Italia. Dette kom som resultat av det sterke løpet han viste fram i Warandeloop i Tilburg i Nederland søndag 27.november. Arrangementet vert avvikla søndag 11.desember.

Til EM reiser han i lag med Sondre Nordstad Moen, Ørjan Grønnevig og Marius Vedvik som utgjer laget i herrer senior. Utanom desse skal Karoline B. Grøvdal springa i damer senior, Jacob Ingebrigtsen i menn junior, Stine Wangberg og Christine Næss i kvinner junior.Totalt er det påmeldt 87 løparar i menn senior.

Arrangementet startar kl 10:00 på søndag føremiddag og Tom Erling skal starta kl 13:00. Du kan følga løpa på streaming, enten via link på friidrett.no eller european-athletics.org. NRK sender frå kl 14:00

Kontakt