Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø klar for EM i Zürich

04.08.2014 |Nils Hetleflåt

I dag kom beskjeden frå Norges Friidrettsforbund om at Tom Erling Kårbø er klar på 3000m hinder i EM i Zürich i perioden 12-17.august. Med dette så har han nådd ein ny milepæl i sin idrettskarriere, frå før har han delteke på EM U-23 i Ostrava, EM terrengløp i både U-20 og U-23. Han har representert Noreg i landskamp både innandørs og utandørs for senior, U-23 og U-20.

Tom Erling skal springa forsøk tysdag 12.august, start for det første heatet er kl 12:23. Viss han kommer til ein finale så er tidspunktet kl 20:45 torsdag 14.august. Dette vert vist direkte på NRK og det er live streaming på www.european-athletics.org.

Stord IL-friidrett ønsker Tom Erling og dei andre deltakarane frå Noreg lykke til.

Kontakt
Kalendar