Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø klar for European Team Championship i finske Vasa på både laurdag og søndag

23.06.2017 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø er klar for det norske laget til European Athletics Team Championship First League i finske Vasa. Totalt er det 12 land som konkurrerer i helga og dei 3 beste landa rykker opp til Super league. Noreg har som mål å vere blant dei 3 beste landa denne helga.

Grunna finnstilt fly rekk ikkje team Ingebrigtsen ETC i finske Vasa og dermed må Tom Erling Kårbø steppa inn på kort varsel på 1500m for det norske laget. Dette løpet går laurdag kl 14:31.

Tom Erling skal i aksjon på søndag ettermiddag på sin spesial distanse som er 3000m hinder og det er eit tøft felt han skal ut i. 4 av løparane har betre årsbeste enn han og fjorårets sølvmedaljør frå EM i Amsterdam på distansen er blant løparane.

I eit slikt løp som dette så er det om å gjere å få mest mogeleg poeng til laget sitt og dermed vert tida underordna sluttresultatet. Forhåpentleg vis vert det satt fart i løpet for det er mange som er like bak VM-kravet som er på 8.32.00, men det kan like fort bli eit lureløp med kraftig fartsauke mot slutten. Tom Erling er førebudd på begge deler og det skal verte interessant å sjå korleis han klarer å løysa oppgåvene sine i dette løpet.

Ein kan følgja stemnet direkte på NRK1, både laurdag og søndag. Tv sendinga starter kl 13.30-16.30 begge dagar. Tom Erling starter kl 14.10 norsk tid på søndag.

Kontakt