Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø sprang inn til 3.plass i Växjö

13.02.2016 |Nils Hetleflåt

Under dagens landskamp i svenske Växjö mellom Sverige, Finland, Danmark/Island og Noreg, sprang Tom Erling Kårbø inn til 3.plass på 1500m med tida 3,50,10. Han satte med dette ny personleg rekord innandørs med over 5 sekund.

Tom Erling la seg på ein 4.plass tidleg på første runde og den plassen holdt han heile vegen, men ha nrykka opp ein plass i det haren gav seg etter 800m av løpet. Han sprang jamne runder  i overkant av  31 sekundder dei 5 første runde og han passerte 1000m på 2,35, og auka så farten dei siste 500m.

Etter løpet var det ein fornøgd Stord løpar som kunne fortelle om eit godt gjennomført løp der han sprang på det jamne i første del av løpet for ikkje å springa seg stiv. Dermed hadde han krefter til ein god siste 500m og det var her han sprang frå dei andre løparane som låg i hans felt.  

Han kunne jubla for eit godt løp og Noreg vart nr. 2 i lagkonkurransen bak Sverige, både  iherreklassen og totalt.

Kontakt