Arego
kw:!support_us

Tom Erling klar for finale på 3000m hinder i EM i Berlin

07.08.2018 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø er klar for finalen på 3000m hinder i EM etter at forsøksheata var unnagjort i føremiddag. Tom Erling sprang i det første heatet og han sprang inn til 6.plass med tida 8,29,90, noko som er bare 49 hundredelar bak persen. Etter ein roleg første 1000m på ca 2,57 auka farten i løpet og den neste 1000m gjekk unna på 2,51 og Tom Erling låg rundt 8-9.plass i feltet. Den siste 1000m gjekk unna på 2,41 og Tom Erling avanserte fram til 6.plass i heatet og måtte venta på resultata i det 2 heatet før han kunne sleppa jubelen laus. Han gjekk vidare som løpar nr. 13 og no ventar finale på torsdag kl 21:20.

Alt om EM finn man på www.european-athletics.org

 

Kontakt