Arego
kw:!support_us

Tom Erling sprang for Noreg i lag EM i Tallin

27.06.2014 |Nils Hetleflåt

Under forrige helgs lag EM i første divisjon i Tallin, Estland, sprang Tom Erling Kårbø 3000m hinder for Noreg. I dette løpe vart det roleg fart frå starten og feltet låg samla, med Tom Erling på 4.-6.plass i løpet av dei første 5 rundane. Med 800m igjen å springa vart tempoet auka betrakteleg og Tom Erling hang lett med teten. Ved neste tempo auke med 400m igjen gjekk han opp på fjerde plass og han sprang seg opp på 3.plass ved målpassering, der tida vart 8,49,34.

Med det skaffa han Noreg 10 poeng i lagkonkurransen og bidrog til at Noreg vart nr 2 i denne konkurransen. Dermed vart det opprykk  for Noreg til elitedivisjonen for 2015.

 

 

Kontakt