Arego
kw:!support_us

Tour de Stord 1.løp 2016

20.05.2016 |Nils Hetleflåt

Tour de Stord er i gong og totalt var det 20 løparar som stilte til start ved KIWI på Heiane i eit grått vêr med nokre regndråpar i lufta og ein litt kjølig bris. Av desse 20 er det 18 som er påmeldt på alle tre løpa.

Vinnaren av det første løpet var Thomas Heggøy som representerer IL Gular og han kom inn på tida 4,08 min og han var 2 sek føre Lars Lunde på 2.plass. Vinnartida i år er 1 sek fortare enn kva Tom Erling Kårbø sprang på i 2015, så det vert spennande å sjå kva tider desse 2 løparane klarer på bane i år.

i kvinneklassen er det svært jamnt mellom Maryna Novik og Pernilla E. Epland og det skil bare 4 sek mellom dei føre jaktstarten.

Vidare i resultatlista så ser ein at det er ein jamn kamp føre jaktstarten som vil foregå i morgon føremiddag i Leirvik sentrum. Her vert ikkje Thomas H med, så det er Lars Lunde som skal springa ut først føre Jacob Hystad og Geir S. Skaten., høvevis 7 og 9 sekund bak Lars. Resten av løparane følger som ei perle på ei snor.

Her er resultata

Kontakt
Kalendar