Arego
kw:!support_us

Treningsleir i Monte Gordo

06.03.2017 |Nils Hetleflåt

På årets treningsleir til Monte Gordo, som varte frå 24/2-4/3 2017, var det Pernilla Eugenie Epland, Vegard Havn og Nils Hetleflåt som reiste frå Stord IL-friidrett. Frå Noreg var det andre utøvarar frå Ull/Kisa, Herkules, Gular, Osterøy IL, Hedmark friidrettskrets samt frå mange andre europeiske land.

Det vart trent godt og ein fekk gjenomført 2 treningsøkter kvar dag, der ein var innom både bakke-, kort- og langintervall, langturar, basis og drilløkter. Ei kjekk trening var i lag med treningsgruppa til Honorè Hoedt frå Nederland, der ein fekk delta på ulike drillkombinasjoner og bakkeløp.

 

 

Kontakt