Arego
kw:!support_us

Tyrvinglekene 2016

11.06.2016 |Nils Hetleflåt

Under årets Tyrvingleker på Nadderud stadion i Bærum er Stord IL-friidrett representert med Julian Skimmeland Aasheim (13) og Tone Sandtorv Brakedal (17).

Stemnet starta i går, fredag 10.juni, og då var Tone i aksjon i kula og med resultatet 9,91 m holdt det til 6.plass.

I dag var Tone først i ilden på 100m hekk og der vart det fullklaff. Ho sprang i mål på tida 14,89 og vart med det nr 2 i heat 1. Dette var ny personleg rekord med over eit halvt sekund og totalt vart det 4.plass på ho. I tresteg på ettermiddagen vart resultatet 10,59m, der ho sleitt med å treffa planken og hadde mange mislukka hopp. Det holdt til ein 4.plass i konkurransen.

Julian starta dagen med lengde konkurranse og her vart resultatet 4,97 m, noko som holdt til 4.plass i konkurransen. I forsøket på 60 m vann han sitt heat med tida 8,27, noko som var ny personleg rekord. I finalen sprang han enda fortare då han kom inn til tida 8,13 (ny pers igjen) og det holdt til 4.plass i løpet, kor vinnaren sprang på 7,94. På ettermiddagenen var det klart for 200m hekk og etter eit spennande løp sprang han inn til 1.plass med tida 30,72, som er ny pers, og vann med 15 hundredeler.

Søndag var Julian først i ilden med 60 m hekk. I eit jamnt og spennande løp stakk Julian av med førsteplassen på tida 9,67 og han vann med 2 hundredeler. Etter dette bar det bort i tresteg konkurransen, der han var overlegen best og landa i sitt beste hopp på 11,42 m. Siste konkurranse øvelse for han var høgde og her braut ein barriere då han passerte 1,60m og satte ny personleg rekord. Dette holdt til ein ny førsteplass.

Tone starta dagen med 100m og her sprang ho inn til 3.plass i forsøksheatet sitt på tida 12,79, for første gong under 13 sekund, og klar for finalen. I finalen gjekk det enda litt fortare då tida viste 12,76 og fin 5.plass, men dessverre var vinden litt for sterk, +2,2m/s. I lengdekonkurransen på ettermiddagen hoppa ho 5,26m og det gav 8.plass.

Kontakt