Arego
kw:!support_us

UM 15-19 i Haugesund 5.-7.9 2014

08.09.2014 |Nils Hetleflåt

Under årets ungdomsmeisterskap for 15-19 år som vart arrangert i Haugesund frå 5.-7.september var Stord IL-friidrett representert med følgjande utøvarar: Mari Aarskog Nesse (18), Marthe Johanne Tangedal Mehus (17), Asbjørn Lunde dy (19), Joakim Moss Grutle (18), Erlend Mæland (18), Sondre Mæland (18), Lars Lunde (17). 

På fredag 5.september var det Joakim som var først i aksjon på 100m og i det 4 heatet sprang han inn til tida 12,04 og 5 plass. Det holdt ikkje til vidare avansement. Sondre sprang i det første heatet på 400m og med tida 55,32 vart han nr 6. Totalt vart han nr 20 i klassen sin. Mari sprang 3000m og ho låg i tetgruppa i nær 2000m før ho måtte sleppa litt på slutten. Med tida 10,06,69 sprang ho inn til 3.plass og ny personleg rekord med nær 6 sekund. Neste i aksjon denne kvelden var Lars på 3000m. I hans løp vart det raskt ein duo beståande av Casper og Lars som låg ein 3-4 sekund før forfølgarane. Når klokka ringte og markerte for siste runde slo Lars til og fekk raskt ei luka som han holdt inn til mål. Tida vart 8,50,03 og seier.

Når Stord sine utøvarar var i aksjon på laurdag ettermiddag så opna slusene seg over Haugesund og det vart ein våt fornøyelse for dei. Asbjørn støtte kula og med resultatet 11,58m vart det ein 6.plass. I diskos ringen var Marthe Johanne i aksjon og resultatet vart 23,96m noko som holdt til 5.plass. For begge kastarane var det vanskelege forhold og glatt ring. På 2000m hinder var både Mari, Erlend og Lars i aksjon og her gjorde ikkje regnet like mykje for resultatet. Erlend la seg på halen i sitt felt og han fekk etterkvart problem med kneet slik at dessverre måtte bryta løpet sitt. Lars tok teten med ein gong og den holdt han gjennom heile løpet og han kom inn på tida 6,12,24. Med dette så forsvarte han tittelen frå Lillehammer. Mari drog sitt felt gjennom heile løpet og vann med ny pers på 7,04,96. Også ho forsvarte sin tittel frå Lillehammer.

På søndagen var Asbjørn i aksjon i diskos og med kastet 37,86 m som lengst vart det ein 5.plass. Lars fekk det tøft på 800m og gav seg etter 1 runde. Mari sprang inn til heatseier med tida 2,21,08 og med det vart det ein 8.plass totalt i klassen.

Kontakt