Arego
kw:!support_us

UM friidrett på Lillestrøm

11.09.2015 |Nils Hetleflåt

I dag startar UM15-19 år på Lillestrøm og det skal gå føre seg til og med søndag. Frå Stord IL har me 4 deltakarar: Mari Aarskog Nesse (1996), Tone Sandtorv Brakedal (1999), Lars Lunde (1997) og Ole Christer Kvellestad (2000). Mari er påmeldt i 800m, 2000m hinder og 3000m, Tone skal delta på 80m hekk og 100m, Lars er meldt på i 800m, 2000m hinder og 3000m, medan Ole Christer skal delta på 1500m hinder og 2000m.

Stemnet kan ein sjå på webstream: www.friidrett.no

Tidsskjema finn ein på www.umfriidrett2015.no

Resultat for Stord sine utøvarar vil verte oppdatert på heimesida utover helga.

Tone S. Brakedal klar for semifinale på 100m etter ho sprang inn til 4.plass i sitt forsøksheatet med tida 13,10, som og er årsbeste. I semifinalen sprang ho inn til ny årsbeste med tida 13,09 og enda på 7.plass i sitt heat.

Ole Christer Kvellestad debuterte på 1500 m hinder og sprang inn til tida 5,06,98 og det gav 9.plass.

Mari N. Aarskog noterte seg tida 10,29,42 på 3000m og det gav 7.plass.

Lars Lunde sprang inn til 8.plass på 3000m og han kom inn på tida 8,55,89.

På stemnets andre dag var Tone i aksjon på 80 m hekk. Med tida 12,92 holdt det til 5.plass i heatet og dermed vart det ingen finaleplass på Tone.

Mari sprang 2000m hinder og her sprang ho inn til ein flott 3.plass med tida 7,24,51.

På den tredje dagen av UM var Mari først i akjsjon på 800m og med tida 2,32,02 sprang ho inn til 8.plass i det første av to heat i klassen.

Ole Christer var i aksjon på 2000m og i det store feltet på 28 løparar sprang han inn til tida 6,26,40 og 21 plass. Dette var ny personleg rekord for Ole Christer.

 

Kontakt