Arego
kw:!support_us

Friidrett for 6-11år

Om du har lyst til å starte på friidrett, eller berre vil vere med å prøve ut kva friidrett er, er det trening for gutar og jenter i alderen 6-11 år kvar tysdag frå 18.00-19.00. 

Vegard Havn og Arne Jordåen er trenarar her, medan Nils Hetleflåt også er med som trenar av og til. 

Utover hausten vil treninga føregå ute på Stord Stadion, og når det vert kaldare og mørkare er treninga i Nye-hallen i Vikahaugane idrettspark. 

Treninga er nokså variert, med mykje leik. Me let sjølvsagt også deltakarane prøve ut det meste innan friidrett.

Vel møtt på Stord Stadion!

Kontakt
Kalendar