Slik varslar du

Har du eller nokon du kjenner opplevd eller oppdaga noko du tenkjer det er viktig å seie frå om? Då kan du varsle om dette.

Det er fleire måtar å varsle på. Stord friidrett oppmodar dei som vil varsle til å gå inn på Norges idrettsforbund sine eigne varslingssider, der det finst rettleiing om korleis ein bør gå fram.

Ein kan også kontakta nokon direkte i friidrettsgruppa, til dømes ein trenar, sportsleg leiar, styreleiar eller dagleg leiar, eller nokon i leiinga til idrettslaget. Kontaktinformasjon finn ein i hovudmenyen.