Me har fleire dyktige og ikkje minst kjekke trenarar i Stord friidrett. Ta gjerne kontakt med ein av dei dersom du har spørsmål. Er ein i tvil om kven ein skal kontakte, er Nils rett plass å starte.
Sportsleg leiar / trenar / trenaransvarleg
Nils Heltleflåt
nils.hetleflat@sklbb.no
Telefon: 91385442
Nils er mangeårig primus motor i Stord friidrett med flust av trenarverv både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Han har hovudansvaret for den yngste (6-10 år) og den eldste (15-19 år) treningsgruppa, og er elles involvert og engasjert i det meste som rører seg i Stord friidrett.
Trenar
Elisabeth Sæle
elsaele90@gmail.com
Telefon: 91706275
Elisabeth jobbar til dagleg som idrettsfaglærar ved Stord vidaregåande skule. Ho har ein bachelorgrad og mastergrad i idrettsvitenskap med fordjuping i fysisk aktivitet og helse. Elisabeth har hovudansvaret for den yngste (6-10 år) treningsgruppa saman med Nils, og er i tillegg hjelpetrenar på den mellomste (11-14 år) og eldste (15-19 år) treningsgruppa.
Trenar
Irene Simonsen
irene@irenesimonsen.no
Telefon: 95920309
Irene er trenar for den mellomste (11-14 år) treningsgruppa.
Trenar
Margareth Urheim Gram
margarethurheim@gmail.com
Telefon: 95701067
Margareth er hjelpetrenar for den yngste (6-10 år) treningsgruppa.
Trenar
Åge Bjelland
age.bjelland@sklbb.no
Åge har ansvaret for sprintarane våre i den eldste (15-19 år) treningsgruppa. Under vengjene til Åge finn me også utøvarar frå Bremnes idrettslag.
Kontaktperson veteran
Oddvar Hårde
oddvar@zpirit.no
Telefon: 41534071
Oddvar er ein svært allsidig og rutinert friidrettsutøvar, som saman med eit knippe andre personar utgjer veteranmiljøet i Stord friidrett. Her er det plass til fleire!