Arego
kw:!support_us

2 bronsemedaljer på første dag av NM i Byrkjelo

18.08.2018 |Nils Hetleflåt

Stord utøvarane presterte under første dag av senior NM i Byrkjelo og fekk med seg 2 bronsemedaljer og det vart ein pers.

Først ut var Pernilla Eugenie Epland på 5000meter og saman med 7 andre kvinner stod ho på startstreken. På førehånd hadde ho og Vienna S. Dahle frå Skjalg IL avtalt å dra annankvar runde og springa lengst mogeleg ned på 16-talet. Det var dessverre ein sjenarande vind som veksla mellom 2 0g 5 sekundmeter under løpet og gjorde forholda langt frå optimale. Planen virka godt og etter bare 2 rundar var det ein kvartett som holdt følge og etter 6 rundar var det ein trio igjen (Vienna, Pernilla og Sigrid J. Våg) som låg i tet. Ved 3000m viste tida ca 9,53 og trioen holdt vel 80s på runden. 4000m vart passert på 13,15 min og framleis var det ein trio kor Sigrid hadde lege bakerst i trioen heile tida. Ved passering 4400m vart det ein kraftig fartsauke og Vienna drog på føre Sigrid som passerte Pernilla, som holdt følge dei to andre og runden gjekk unnna på 71s. Ved 200m igjen var Sigrid i tet og Pernilla angreip i siste sving men kom ikkje forbi Sigrid og ut på siste oppløpssida gjekk Vienna til angrep på både Sigrid og Pernilla. Ho sprang forbi Pernilla, men var 1 m bak Sigrid. Tidene vart så sterke som 16,19,14; 16,19,28 og 16,21,38 på dei tre første.

Ny pers på Pernilla med 54 hundredelar, og ho var godt fornøgd med 3.plass på distansen. Første gong medalje på bane.

På 5000m for menn var både Tom Erling Kårbø og Lars Lunde på startstreken saman med 27 andre løparar, slik at det var totalt 29 løparar. På dette løpet var det ingen som ansvar for å springa fort og feltet var samla lenge. Det fall løparar av etter kvart som løpet pågjekk, men farten var ikkje veldig høg. 3000m vart passert på 8,53 og for mange av løparane i dette feltet kjendes det nesten som "jogg". Med 4 rundar igjen skjedde det endeleg noko då Ørjan Grønnevig, Stavanger Friidrett, satte inn eit rykk og raskt fekk ei god luke. Ingen av dei andre i feltet brydde seg å følge på og luka var på over 50m 2 rundar frå mål. Då sa Henrik Ingebrigtsen takk for følget til hovudfeltet og tok opp jakta på utbrytaren. Han trengt bare 450m for henta inn Ørjan og på dei siste 350 m auka han til 9 sek seiersmargin. Bak desse to var det klart for eit spurtoppgjer og her viste Tom Erling Kårbø seg som den sterkaste. Dermed vart det første bronsemedalje for Tom Erling på 5000m og tida vart 14,25,68. Lars Lunde braut løpet etter 3100m.

Tom Erling sa etter løpet at det gjekk roleg dei første 4200m og at han hadde mykje krefter att. Han sprang for å klare ein medalje og det gjekk fint.

 

Kontakt