Arego
kw:!support_us

2014 NSIC Outdoor Track & Field Championships

09.05.2014 |Nils Hetleflåt

Denne helga er Harald Kårbø i aksjon for skulelaget sitt Augustana College på NSIC championships ved Winona, Minnesota. I dag sprang han 1500m forsøk, i det 2.heatet av 3 heat. Han vann heatet sitt på tida  4,01,82 og han har den 3.dje beste tida etter forsøksheata. 

I morgon er det klart for finale på 1500m og 5000m 2 timar etter finaleløpet på 1500m. I tillegg er han påmeldt på spyd og.

Harald med kjempeflott resultat på 1500m kor han sprang inn til tida 3,50,78 og 2.plass etter å leia feltet i 1100m. Dette er ny pers med over 2,5 sekund. I spyd kasta han 43,50 m og kom på 14.plass. Bare 2 timar etter at han kom i mål på 1500m var det klart for 5000m for Harald. Her sprang han inn til tida 14,50,23 og 3.plass, og dette var ny personleg rekord med 22 sekund. Ei svært god helg Harald med to nye personlege rekordar.

For dei som er interessert i å følgja dette meisterskapet så finn ein linken her: http://www.primetimetiming.com/liveresults/2014/NSIC/

 

Kontakt