Arego
kw:!support_us

Alt klart for NM i Haugesund 31.7-2.8

29.07.2015 |Nils Hetleflåt

På fredag 31.juli startar NM i friidrett i Haugesund og frå Stord IL stiller følgjande utøvarar: Tom Erling Kårbø, Harald Kårbø, Thomas M. Heggøy og Lars Lunde. Dei er påmeldt i følgjande øvingar: Thomas på 800m, Lars på 1500m, Tom Erling, Harald og Lars på 3000m hinder, Tom Erling på 10000m.

Lars skal i aksjon på forsøk 1500m på fredag føremiddag. Dei tolv beste løparane skal vidare til finale på laurdag. Thomas skal i aksjon på 800m laurdag føremiddag og her vil dei 9 beste løparane gå vidare til finale på søndag. 3000m hinder finale vert avvikla kl 16.10 på laurdag ettermiddag og her har klubben sine største medaljesjanser då Tom Erling er tittelforsvarar på distansen. 10000m vert avvikla søndag med Tom Erling som påmeldt.

Kontakt