Arego
kw:!support_us

Hardanger Friidrettsfestival 2016 i Strandebarm

20.06.2016 |Nils Hetleflåt

I helga vart Hardanger Friidrettsfestival arrangert i Strandebarm og frå Stord IL stilte Veslemøy og Tuva Skulstad, Arne Jordåen, Ole Christer Kvellestad og Lars Lunde. 

På laurdagen var det søstrene Skulstad og dei to yngste gutane Arne og Ole Christer som stilte opp. Veslemøy sprang 60m i rekruttklassen og ho kom inn på 12,99 sek. I lengdegropa landa ho på 1,96m. Tuva (19) sprang inn til årsbeste på 100m på 14,33 i svak motvind og plasserte seg som nr 2 i klasse 18/19. Arne og Ole Christer sprang inn til 1. og 2. plass på 800m i G-16, tidene vart 2,15,14 og 2,17,31.

På søndag  var det Lars som var først i aksjon på 1500m i seniorklassen og han kom inn til tida 4,02,83 og plasserte seg med det på 11.plass i heatet. Arne og Ole Christer debuterte på 3000m og Arne sprang inn til tida 9,38,92 og kvalifiserte seg dermed for UM på distansen, medan Ole Christer kom inn til 10,01,86. Det holdt til 1. og 2.plass i G-16.

Kontakt