Arego
kw:!support_us

Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm 6.-7.juli

07.07.2014 |Nils Hetleflåt

Laurdag 5.juli reiste ein tropp frå klubben inn til Strandebarm for å ta del i Hardanger Friidrettsfestival. På 800m sprang Lars Lunde inn til 4.plass i MS med tida 1,58,48. Sondre og Erlend Mæland deltok i G18/19 og det vart 2.plass på 2,06,39 for Sondre og 3.plass for Erlend med 2,07,44. Mari vann 800m i J18/19 med tida 2,23,20. I diskos vann Marthe Johanne T, Mehus J17 med resultatet 23,86m og Asbjørn Lunde dy vann G18/19 med eit beste kast på 37,48 m. I kula støtte Asbjørn 12,10 m og med det så vann han konkurransen.

Søndag 6.juli var det 2 løparar som reiste inn for å ta del i 1500m. Det var på eit eliteheat i seniorklassen med internasjonal deldtaking. Den som imponerte i dette løpet var Lars Lunde som sprang inn til ein ny pers med nesten 4 sekund og forbetra tida si til 3,56,55, noko som holdt til 7.plass. Harald Kårbø som er i ein tung treningsperiode sprang inn til 5.plass med tida 3,54,41 på samme distanse.

Kontakt