Arego
kw:!support_us

Innandørs landskamp i Finland

06.02.2014 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø skal saman med Eivind Jensen representere Noreg på 1500m under innandørslandskampen i Tammerfors i Finland på laurdag. Dette er ein landskamp mellom dei nordiske landa: Finland, Sverige, Noreg og Danmark. 

Det var den sterke innsatsen under innandørs-NM som gav Tom Erling plass på landslaget og som er hans første opptreden på senior landslaget. Han har tidlegare representert Noreg i junior EM terrengløp i Toro i Spania og Brüssel i Belgia, samt U-23 EM i terrengløp i Albufeira i Portugal og  U-23 EM på bane i Ostrava i Tsjekia. Løpet til Tom Erling startar kl 17.15 norsk tid.

Kontakt