Arego
kw:!support_us

Jacob Vaula under NM kravet på 100m på Karabinlkene

13.05.2017 |Nils Hetleflåt

Under 2.dag av Karabinlekene sprang Jacob Vaula (16) inn til tida 11,24 på 100m og klarte med det kravet til senior NM, som vert arrangert i Sandnes siste helga i august. Han vann klasse 16 år temmeleg klart. I lengde vart resultatet 5,32 m og det gav 3.plass i klassen.

I gutar 14 år oppnådde Julian Skimmeland Aasheim 3 nye personlege rekordar på sine øvelsar. På 80m hekk sprang han inn til tida 12,08 og  vann øvinga med 6 tidelar foran nr.2. I lengde vart det ny personleg rekord med resultatet 5,30m og med det vann han øvinga med 9 cm foran nr 2. På 100m vart det resultatet 12,43 og 2.plass i øvelsen. Vinnaren sprang inn til tida 12,16. Erlend Kringeland sprang inn til ny personleg rekord på øvelsen med tida 13,40 og det holdt til 8.plass. På 600m sprang Erlend inn til tida 1,37,00, som er ny personleg rekord med over 3,5 sekund og med det plasserte han seg som nr. 3 på øvelsen.

På første dag av Karabinlekene sprang Lars Lunde 3000m på 9,26,48 og vart med det nr.3 i seniorklassen.

Kontakt