Arego
kw:!support_us

Klassekampen 2014

15.03.2014 |Nils Hetleflåt

Klassekampen 2014 vart arrangert laurdag 15.mars med 32 påmeldte klasselag frå skulane Leirvik skule, Hystad skule og Rommetveit skule for klassetrinna 3., 4, 5 og 7.klasse.

Arrangementskomiteen var ungdomsgruppa i Stord IL-friidrett og bestod av Tuva Skulstad, Marthe Johanne Tangedal Mehus, Ingrid Margrete Sletten Haga, Mari Aasrskog Nesse, Asbjørn Lunde dy, Lars Jonassen Føyen, Erlend Mæland, Sondre Mæland, Vegard Havn.

Det var stor aktivitet og engasjement i idrettshallen i dei 2,5 timane arrangementet stod på og alle dei 130 deltakarane måte avslutta med stafett. Med alle foreldre og mindre/eldre søsken samt besteforeldre som var tilstades i hallen var det nærare 300 personar innanfor dørene. 

Resultata frå arrangementet vil komme like over helga. Her er resultata.

Kontakt