Arego
kw:!support_us

København halvmaraton 18.september

18.09.2016 |Nils Hetleflåt

To representanter frå Stord IL-friidrett, Jacob Hystad og Arnfinn Aadland, stilte opp på København halvmaraton saman med over 20000 løparar. I eit sterkt felt var Jacob plassert i menn elite klasse B felt, medan Arnfinn måtte stilla seg opp med løparar under 1,30.

Jacob fekk ei fin reise i løpet fram til 17 km, men fekk då kjenna på tempoet at det hadde vore litt raskt og han fekk det på slutten. Likevel sprang han inn til tida 1.13.00, som bare er 2 sekund bak den personlege rekorden.

Arnfinn hadde som målsetjing om å setja ny pers og han holdt som han lova. Tida vart sterke 1.16.05 og og eit kraftig byks fram frå 1.17.50 frå Bergen city maraton i april.

 

Kontakt