Arego
kw:!support_us

LAGSERIEN 2020

25.11.2020 |Nils Hetleflåt

I årets sesong kom Stord IL-friidrett 2.plass i lagserien i 2.divisjon for menn med poengsummen 18387 på 25 enkeltresultater, som er den høgaste poengsummen Stord har oppnådd på 2000 talet i 2.divisjon, og rykka med det opp i 1.divisjon til 2021. I 1.divisjon er dei 14 beste klubbane i Noreg. 

Lagserien er bygd opp slik at kvar klubb må ha resultat i eit visst antall obligatoriske øvelsar, alt avhengig av kva divisjon ein er i. Så kan ein spe på med valfrie resultat frå alle øvingar, men ein må ha eit visst antall tekniske øvelsar. I 2.divisjon er det krav om 13 obligatoriske øvelsar og 12 valfrie øvelsar der 4 må vere i tekniske øvelsar. I 1.divisjon er det 15 obligatoriske øvelsar og 15 valfrie øvelsar, kor 5 må vere i tekniske øvelsar. Ein enkelt utøvar kan ha maksimalt 5 resultat for laget Julian Skimmeland Aasheim var den på laget som fekk med flest resultat med 5 øvelsar, medan Jacob Vaula, Harald Kårbø, Erlend Hatlem Kringeland og Jacob Hystad hadde 3 resultat kvar

Her ligg meir informasjon om lagserien 2020: https://www.friidrett.no/nyheter/tjalve-vant-begge-klasser-i-lagserien-2020/

 

 

Kontakt
Kalendar