Arego
kw:!support_us

Laila Mehus vann Oslo maraton 20.9.2014

21.09.2014 |Nils Hetleflåt

I sitt debutløp på maraton vart det siger til Laila Mehus i Oslo maraton med den sterke tida 2,54,27 og med det var ho over 2 min føre nummer to i dameklassen. Dei som fulgte med på direkte sendinga på NRK kunne følga Laila på dei siste 1,5 km av løpet. På telefon etter løpet kunne ho fortelle om ein fin første 25km, medan det byrja å verte tyngre etterkvart og at dei siste 6 km var bly tunge. Stive lår vart det og dermed vart ein leiing på over 6 min redusert på slutten, men det var aldri fare for sigeren. Ho passerte halvvegs på 1,20,55, noko som bare er 30 sekund bak den personlege rekorden på halvmaraton så ein kan trygt seie at ho satsa frå start av. 

Andre Stord løparar i feltet var Oddmund Roalkvam som vann sin klasse, 55-59 år, på halvmaraton med tida 1,18,02. Kim B. Laitinen sprang halvmaraton som oppkjøring mot Berlin maraton neste helg og han kom i mål på tida 1,24,40. 

For resultat kan ein gå inn på www.oslomaraton.no og søka etter løparar. Det var påmeldt ca 50 løparar frå Stord.

Kontakt