Arego
kw:!support_us

Mange perser i Karabinlekene 2015

09.05.2015 |Nils Hetleflåt

Oppdatert etter søndag 10.mai

Rapport etter dei to første dagane av Karabinlekene på Fana stadion. Tuva Skulstad var den einaste Stord utøvar i aksjon på fredag under årets Karabinleker og det resulterte i 1.plass både på 60m og diskos. Resultata vart 8,94s på 60m og 24,04 m i diskos.

Under dag 2 innleia Sofie Skard i J-11 med 3.plass på 60m hekk med tida 12,67 (p) og Tuva Eskeland fulgte opp med 14,48(p) og 11.plass i same klasse. Julian S. Aasheim sprang inn til 2.plass på 60m hekk i G-12 med tida 10,90 (p). I lengdekonkurransen i G-12 fulgte Julian opp med ny pers 2 gonger i konkurransen og med resultatet 4,56m vann han. 

I høgdekonkurransen i J-11 vart det ein flott ny pers på Sofie og med resultatet 1,25 m vart det ein 2.plass, Her fulgte Tuva E. opp med ny pers på 1,00m og det gav ein flott 7.plass. Deretter flytta jentene seg til spyd og på ny vart det to nye perser på jentene, Sofie på 2.plass med 10,27 m og Tuva med resultatet  6,86m som gav ein 5.plass.

Julian vann høgdekonkurransen med resultatet 1,35 i G12, medan Sofie enda på 4.plass i lengde med 3,68m (p) og Tuva fulgte opp med nok ein pers og resultatet 3,06m som gav 13.plass i J-11.

På 100m i J18/19 sprang Tuva Skulstad på 14,27 som er ny pers og det gav 4.plass.

Julian S. Aasheim tok turen til Fana stadion søndag 10.mai og det resulterte i 2 nye personlege rekordar for han. På 80m sprang han inn til 4.plass med tida 11,87 i G-12. På 200m flytta han tida si ned til 29,27s og med det vart han nr 2 i klassen, etter å ha vunne heat sitt. Tone Sandtorv Brakedal i J-16 støtte kula og med resultatet 8,45 m vart det 3.plass på henne.

Kontakt