Arego
kw:!support_us

Menyløpet på Aksdal laurdag 1.oktober

06.10.2016 |Nils Hetleflåt

Frå Stord IL-friidrett var det trioen Tom Erling Kårbø, Lars Lunde og Arnfinn Aadland som tok turen til Aksdal og det 7 km lange Menyløpet.

Tom Erling og Lars var med i teten frå start av medan Arnfinn la seg i pulje to. Etter ca 1 km var det spurtpremie og her var det ein lokal løpar som la inn det han hadde av krefter og passerte streken først. Deretter var det Tom Erling og Lars som førte an i løpet og halvvegs var Tom Erling i leiing med ca 6 sek føre Lars og Halfdan-Emil frå Varegg IL.

Ved målpassering var det Tom Erling føre Halfdan-Emil og Lars, medan Arnfinn sprang inn til 7.plass. 

Resultata finn du her: https://live.eqtiming.no/25523#/:90400-0-0-1-1-

 

Kontakt