Arego
kw:!support_us

NCAA championship division 2

15.03.2014 |Nils Hetleflåt

Harald Kårbø og hans skulelag Augustana College var denne helga med på NCAA championship division 2 innandørs i Winston-Salem i North Carolina. På DMR (distance medley relay) sprang Harald ankeretappen på 1600m og det gjorde han på den sterke etappetida 4,08,33 og med det sprang han laget sitt inn til 6.plass i stafetten. Denne tida gir ei passering på 1500m på 3,53,3 og det er vel 3 sekund raskare enn kva utandørsspersen til Harald er. Det vert spennande å sjå kva tider det vil gi når utandørssesongen startar, men at det kan verte mange nye perser i år skal alt ligge til rette for viss han ungår skadar. 

Kontakt