Arego
kw:!support_us

NM innandørs i Bærum

03.03.2016 |Nils Hetleflåt

Til helga vert NM innandørs for senior arrangert av IL Tyrving i Bærum Idrettspark og frå Stord IL-friidrett stiller følgjande til start: Tom Erling Kårbø og Lars Lunde.

Tom Erling er meldt på 1500m og 3000m, medan Lars Lunde er meldt på 800m, 1500m og 3000m.

Det er live streaming frå dette stemnet og ein finn linken på www.friidrett.no.

1500m starter kl 15:10 på laurdag, medan 800m starter kl 13:15 og 3000m kl 14:30 på søndagen.

 

Resultat laurdag frå NM.

Lars Lunde hadde ein tung dag som skyldast at han ikkje var restituert etter sjukdom på torsdag. Tida vart 4,05,43 og det holdt til 7.plass på 1500m. Han vel derfor å bare springa 800m i dag, søndag.

Kontakt