Arego
kw:!support_us

NM innandørs på Stange

31.01.2014

Til helga vert NM innandørs arrangert på Stange med Hedmark friidrettskrets som arrangør. Frå Stord IL-friidrett stillar følgjande deltakarar: Tom Erling Kårbø, Harald Kårbø og Thomas M. Heggøy. Tom Erling og Harald skal springa 1500 og 3000m, medan Thomas skal springa 800m.

For Tom Erling vert dette første konkurransen etter høgdeopphaldet i Dullstroom i Sør-Afrika, medan det for Harald vert siste konkurranse før han reiser tilbake til studiane i USA. Thomas avtjener verneplikta i garden for tida og dette vert hans første konkurranse innandørs i år. Medalje sjansane er nok størst på dei lengste distansane i dette meisterskapet

På biletet: Tom Erling og Harald Kårbø. Her avbilda etter NCAA terrengløp i USA.

Kontakt