Arego
kw:!support_us

Ny lagsrekord på 3000 meter for kvinner

14.06.2014 |Nils Hetleflåt

På første dag av Tyrvinglekene satte Mari Aarskog Nesse ny lagsrekord på 3000 meter for kvinner med tida 10,12,68 og ho vart med det nr. 4 i klasse J18/19. Dette var ein forbetring av den gamle rekorden med 1,2 sekund som ho hadde frå 2013. I dei rådande forholda som var på banen i dag med motvind opp mot 5 m/s på oppløpssida så var det eit flott resultat.

Den einaste vinnaren var Jørund Løken, som feira 18-årsdagen på stadion, og han vann spyd med resultatet 56,76m i ugunstige vind forhold. på 200m i G18/19 hadde både Asbjørn Lunde dy og Joakim Moss Grutle motvind på sine løp og resulata vart 25,22 på Asbjørn og 24,67 på Joakim. Både Lars J. Føyen og Lars Lunde hadde meldt seg på i seniorklassen på 3000m og med tidene 8,33,51 og 8,51,51 hamna dei på hhv 4 og 12 plass i heatet, som vart vunne av Henrik Ingebrigtsen med tida 8,21,13.

Kontakt