Arego
kw:!support_us

Ny pers på Tom Erling Kårbø på 5000m i belgiske Heusden 22.juli

22.07.2017 |Nils Hetleflåt

Under kveldens 5000m på KBC Nacht i belgiske Heusden sprang Tom Erling i d-heatet. Han vann heatet på tida 14,05,29 og var med det nesten 2 sekund foran nr i 2 i løpet og totalt var det 21 fullførande løparar i feltet. Dette er nær 3 sekund forbetring av persen på 5000m og han nærmar seg den "magiske" 14 minuttars grensa.

Etter å ha snakka med Tom Erling om gjennomføringa av løpet så kom det fram at rundetellaren ringte med klokka ein runde for tidleg og Tom Erling la inn ein 59 runde, men det vart ein nedtur då han kom mot "mål" og det viste seg at det framleis var ein runde igjen. Denne vart atskilleg rolegare på 70s. Som han gav uttrykk for så var det litt amatørmessig av han og ikkje sjekka klokka som var på indre bane.

Elles så sprang Sondre Nordstad Moen under vm-kravet på 13.22.00 då han kom inn på 13,20,16.

Link til resultater http://www.timetronics.be/results/nacht2017/schedule.html

 

Kontakt