Arego
kw:!support_us

Nye persar på Tom Erling og Pernilla på Folksam Grand Prix i Sollentuna

28.06.2018 |Nils Hetleflåt

Under kveldens stemne i Sollentuna i Sverige vart det nye personlege rekordar på begge løparane frå Stord IL-friidrett. Først ut var Pernilla Eugenie Epland som sprang inn til tida 9,30,16 på 3000m og ein 8.plass i feltet. Seinare på kvelden sprang Tom Erling Kårbø inn til tida 3,44,87 på 1500m og 4.plass i b-heatet.

Utviklinga av løpa for våre løparar var som følger:

På 3000m for kvinner var det 15 løparar som stilte til start. Fartsholdaren skulle dra teten av feltet på 71 rundar i 2000m. Pernilla starta ut med 73,6 på første runde og låg då på halen av hovudfeltet. Dei to neste rundan gjekk unna på hhv 73,4 og 74,3 og framleis på halen men det var ei lita luka på 3-4 meter. På den 4 runden måtte ho sleppa og runde tida spratt opp i 77,6s. Så kom det to tunge rundar der tidene viste 80,3 og 80,8, men dei siste 600m klarte ho og mobilisera og sprang ned tidene til 75,6 og 34,5. 

Ho har aldri opna så hardt på ein 3000m og fekk altså svi for det etter 1600m, men klarte å henta seg inn på dei siste 600m. Når ein spring i slike stemner så må ein prøva og vere med slik som Pernilla gjorde i dag. 

På 1500m i b-heatet var det 15 løparar som stilte til start og Tom Erling starta ganske nær lista. Han vart stengt inne på første langside og kom dårleg ut på den første runden, og det hadde allereie danna seg ei luke frå tetkvintetten og ned til gruppa kor Tom Erling var. Passering første 400m for Tom Erling var 60,5. Den neste runden gjekk det betre og Tom Erling passerte 800m på ca 2,00, altså 59,5 på runden. Farten var jamn også på tredje runden og han passert 1200m på 3,00,5. Med ein siste 300m på 44,3 så  passerte Tom Erling nokre løparar og kom inn på 4.plass.

Etter løpet var han ikkje direkte nøgd med løpet for han meinte at sidan han vart stengt inne på den første runden så tapte han såpass mykje at han aldri fekk kontakt med tetkvintetten. Det vart eit løp med ein del knuffing og han fekk aldri ein god rytme på løpet sitt, men likevel vart persen flytta frå 3,45,46 og ned til 3,44,87. 

I morgon så reiser han på treningsleir til St.Moritz i Sveits og der skal han opphalde seg i tre veker som oppkjøring før EM i Berlin. Han skal springa ein 1500m i Heusden på dag 1 etter høgdeopphaldet før han set kursen heim til Noreg og siste finpuss på formen til 3000m hinder 7.august i Berlin..

Kontakt