Arego
kw:!support_us

Oppsummering av resultater for helga 27-28.august

29.08.2016 |Nils Hetleflåt

På Osterøy var Julian Skimmeland Aasheim i aksjon for kretslaget til Hordaland i 13-14 årsklassen mot Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane sine lag. På laurdagen sprang han inn til 3.plass på 60m hekk med tida 10,54 etter å ha slått borti den eine hekken. Litt seinare på dagen vann han 200m med tida 26,26. På søndagen innleia han med å vinna tresteg med resultatet 11,41 m og på 200m hekk sprang ha inn til tida 28,83 s og klar seier. Dette resultat er ny kretsrekord i Hordaland for øvelsen 200m hekki 13 årsklassen. Julian var og med på to stafettsigrar for kretslaget og dei vann og kretskampen.

Under Øygardsmila på Sotra sprang Pernilla E. Epland inn til 2.plass med tida 38,12 min i ei kupert løype. Vinnaren sprang på 34,57 min medan 3.plass gjekk på tida 38,41 min.

På Stavanger marathon sprang Arnfinn Aadland inn til 9.plass på 10 km i menn senior med tida 35,53 min, kor vinnaren kom inn på tida 32,02 min.

Sunnhordlandsmeisterskapet vart avvikla på sentralidrettsanlegget på Svortland på Bømlo med Bremnes IL som arrangør. Her vart det mange gode resultat for Stord sine utøvarar med Jørund Løken i spyd som det sterkaste med 54,00m. Elles vart det mange nye personlege rekordar for utøvarane i klubben.  

Kontakt