Arego
kw:!support_us

Oppsummering frå Mailekene i Haugesund

30.05.2017 |Nils Hetleflåt

Årets Maileker i Haugesund vart arrangert i fine forhold og for Stord sine utøvarar vart det mange gode resultat og ei ras av nye personlege rekordar:

På laurdagen var det god sommartemperatur, rundt 25 grader, og ein kunne gå rundt og nyta sommaren medan ein venta på sine resperktive øvelsar. Andreas Kringeland (9) deltok i rekruttklassen og oppnåde 11,58 på 60m, 2,84m i lengde og 19,70m i liten ball. Ola Sandtorv Bjordal (10) stilte opp på 60m som gjekk unna på 10,67s og i liten ball vart resultatet 34,13m. Erlend Kringeland(14) sprang inn til 2.plass på 60m med 8,36s, som var ny pers. På 800m prøvde han og henga på dei dei beste 15-åringane, noko som vart for hardt denne gong og han kom inn til tida 2,25,05 som holdt t il seier. På 800m i gutar 17 sprang Arne Jordåen inn til ny pers på 2,06,31 og seier, medan Ole Christer Kvellestad sprang inn til 2,12,19 og 2.plass i klassen.

Mathilde Alfarnes Amundsen (11) opna med 10,00 på 60m, før det vart 3,13m i lengde. I liten ball smelte ho til med resultatet 35,21m og oppnådde 2.plass. Sofie Skard (13) starta med høgde og der oppnådde ho 1,35m og vart med det nr.2. På 60m sprang ho inn til tida 9,57s, før ho i spyd kasta 17,02m og satte ny pers og plasserte seg som nr.6 i konkurransen.

På søndagen var det fortsattt flotte forhold i Haugesund, men ein litt meir behageleg temperatur å konkurrera i. Mathilde (11) var først i aksjon i kula og det enda med ny pers på 8,03m og med det så vann ho øvelsen. På 600m vart det 2,25,59 og det gav 10.plass. Tone Sandtorv Brakedal (18) var med i lengde og for henne gav det ein ny pers med resultatet 5,38m. Dette er og ny lagsrekord for klubben, På 1500m var det Pernilla Eugenie Epland (KS) som var i aksjon og det resulterte i ein ny pers på distansen med resultatet 4,37,76 og ein 2.plass på distansen.

Jacob Vaula (16) debuterte på 200m og det gjorde han med det gode resultatet 23,34 som holdt til 2.plass i klassen. Deretter var et 1500m som stod på programmet for Stord utøvarane. Erlend dominerte fullstendig i det yngste feltet og sprang inn til ny pers med tida 4,58,35, første gong under 5 min og seier. Arne og Vegard Havn (MS) starta i feltet for dei eldste og det var Arne som kom først i mål av dei to med tida 4,18,99 og med det sprang inn til 2.plass i heatet, medan Vegard kom inn til 4,27,02 og 4.plass i heatet. Det var ny pers på begge to. På 800m i seniorklassen for menn sprang Lars Lunde inn til 8.plass og tida 2,01,49, som var ny årsbeste for han.

Kontakt